Home » Vekst i Rogaland » Alle heiar på omstilling, men kva skal til for at det faktisk skjer?
Vekst i Rogaland

Alle heiar på omstilling, men kva skal til for at det faktisk skjer?

Kari Holmefjord Vervik, regiondirektør, Innovasjon Norge Rogaland. Foto: Tom Hansen

Som me høyrde på det årlege «Solamøtet», er alle einige om at for å nå klimamåla må det utviklast ny teknologi og nye løysingar.

Alle er og einige om at mykje av kompetansen som i dag blir brukt inn mot petroleumsnæringa kan brukast som grunnlag for å utvikla løysingar på mange andre områder, og at olje- og gassproduksjonen vil gå nedover etter 2025. Me veit at det tar lang tid å etablera seg i nye marknader og bransjar, og me veit at det store behovet for å dekarbonisera energisektoren i Europa skapar ekstra stor etterspørsel etter grøne løysingar akkurat no. EU og EU-landa sine satsingar og nye rammevilkår opnar marknadar innanfor nye verdikjeder der me har teknologi og kompetanse som blir etterspurt; grønn maritim, havvind, hydrogen og CCS.

Så kvifor er det ikkje fleire som satsar tungt på omstilling i Rogaland? Det er kanskje ikkje så vanskeleg å svara på, for som Sokkeldirektøren seier; «Det er full fart og høy aktivitet i oljå» . Og ein av styrkene til Rogalendingen er jo nettopp ein fantastisk evne til å utnytta den marknaden som gjev best avkastning til ein kvar tid.

Kva tenkjer de som har investert?

Det som er eit meir interessant spørsmål er difor; Kva tenkjer dei som faktisk har investert i desse nye mulighetene? Kva er det som gjer at dei er villige til å kanalisera folk og pengar inn på områder som ikkje gjev så stor avkastning på kort sikt som dei ellers kunne ha fått? Og er det noko politikarar og me i virkemiddelapparatet kunne lært av dei, for å få fleire på banen?

Grethe Meisingset i Hitec Vision forklarte på Energihovedstadkonferansen at dei starta fornybarsatsinga rett og slett fordi dei ikkje fekk tak i industriell kapital til å reisa eit nytt fond mot olje og gass. Ho kommenterte og at bankar påvirkar meir i grøn retning enn myndigheitene gjer.

Aibel forklarar kvifor dei satsa på havvind allerede i 2010 slik: Etter finanskrisen fikk man en påminnelse på hvor volatilt O&G segmentet er og vi så etter hvilke andre industri-segmenter vår kompetanse er relevant for; Vi hadde bygget opp en erfaring på offshore HVDC i forbindelse med det første Troll kompressor utvidelse prosjektet  I tillegg hadde Aibel et Gravity Based Structure concept design som sørget for stabilitet og minimum vibrasjon. Vi hadde også kompetanse fra oljebransjen på å bygge kompleks infrastruktur til havs som skal virke i 50 år.  Dette førte til samarbeid med ABB som hadde høyspentteknologien men trengte en plattform partner, og sammen vant vi Dolwin Beta med TenneT i 2011 *.

Må tenkja langsiktig

Også mindre bedrifter som Uptime på Karmøy satsa tidleg på diversifisering: Utgangspunktet var jo at vi ønsket å ha flere bein å stå på. Vi visste hva vi var gode på innen offshore, olje og gass, og ville finne andre områder å bruke teknologien. Vi startet med å reise på konferanser der temaene stort sett viste seg å ligge rundt hvilke farer og utfordringer som lå rundt klatring for å få tilkomst til turbinene.  Det ble derfor raskt klart for oss at vi måtte selge oppetid med stort søkelys på sikkerhet og opex*.

Og som Ståle Kyllingstad sa i samband med Equinor sin Kapitalmarkedsdag i 2021, kan kundar dra med seg leverandørar: Equinor fortsetter å satse på fornybarprosjekter, ikke minst havvind. Tradisjonelle olje og -gassleverandører har brettet opp ermene og er klare. – Vi må henge oss på og ikke ligge bakpå, sier Ståle Kyllingstad **.

Ein annan type omstilling er nye selskap som bygg på den breie olje og gasskompetansen og satsar bevisst bærekraftig. Eit godt eksempel her er Norsk Renewables som brukar erfaringa frå store utbyggingsprosjekt innan olje og gass til å prosjektera, få finansiert og bygd opp solcelleanlegg i heile verda. Og fleire av selskapa som starta opp på nye områder med kompetanse frå olje og gassnæringa ifm oljeprisfallet for snart ti år sidan tar internasjonale marknadsandelar no.

Stikkord er altså å tenkja langsiktig og utjevna svigningar, utnytta ledig kapasitet eller starta for seg sjølv i krevjande tider. Samtidig med push frå investorar, bankar og store kundar.

Vil bidra

Og me trur det i aukande grad vil vera viktig av andre grunnar; Er sluttkunden i EU, må alle underleverandørar kunne dokumentera at dei er innanfor EU sin taksonomi for å behalda konkurransekraften. Og ikkje minst må bedrifter og Stavangerregionen posisjonera seg for å tiltrekkja seg talent frå resten av landet og heile verda uten olja som drivkraft. Då må ein ta inn over seg korleis Rogaland blir sett på frå resten av Norge, og det «paradokset» me må forsvara internasjonalt med å både satsa på olje og gass, og posisjonera oss som ein pioner på bærekraftige løysingar.

Innovasjon Norge vil veldig gjerne bidra til å få fortgang i omstillinga, ved å utfordra bedriftene på bærekraft og prioritera dei som kan utvikla og kommersialisera løysingar som tar verda i rett retning. Ikkje berre med finansiering, men og med kompetanse frå våre kontor i Norge og over 20 internasjonale kontor.

Kor realistisk er det å få til det som NOUen frå 2023 seier: «Mer av alt – raskere?» Det strandar dessverre ofte på at dei nye prosjekta ikkje har akseptabel bedriftsøkonomisk lønnsemd.  Og for å gjera krevjande store prosjekt i nye verdikjeder kommersielt interessante kreves det større tilskot frå det offentlege enn det Innovasjon Norge kan by på. Me skulle for eksempel gjerne hatt styrking heller enn kutt i Miljøteknologiordninga vår.

Min påstand er at verken Norge eller bedriftene i Rogaland har nok «sence of urgency» når det gjeld å verkeleg få gang på den grøne omstillinga. Nokre bedrifter er likevel godt i gang, og me bør alle leggja til rette for at fleire gjer som dei, og flyttar kompetanse, kapasitet og kapital i den retninga me er så einige om!

*Frå paneldebatt leda av Innovasjon Norge på Eksportkonferansen i 2022
** E24:  Jonas Vikingstad (Stavanger Aftenblad)  Oppdatert 16. juni 2021

Av Kari Holmefjord Vervik, Regiondirektør Innovasjon Norge Rogaland

Neste artikkel