Home » Vekst i Vestland » Solid søknadsbunke gav hovudbry
Sponset

Då Sogndal kommune søkte etter trainee, fekk dei problem med å velje kven som skulle få komme på intervju.

– Vi var veldig nøgde med søknadsbunken. Etter å ha gått gjennom alle, sat vi igjen med fleire aktuelle kandidatar, seier Joakim Systaddal, kommunalsjef for næring og samfunn i Sogndal.

Sogndal kommune deltar i Framtidsfylket sitt traineeprogram, og våren 2021 søkte dei etter ein trainee som kunne jobbe med innovasjon og utvikling.

Joakim Systaddal

Kommunalsjef for næring og samfunn i Sogndal kommune

Traineeprogram med godt omdøme

– Ved å delta i Framtidsfylket sin nasjonale marknadskampanje, fekk vi fleire søkarar enn vi elles får. I tillegg til at dei var unge og nyutdanna, såg vi at søkarane kom frå heile landet. Geografisk spreiing var eit kjempepluss med tanke på at vi var på jakt etter nokon som kunne sjå oss utanfrå.

Traineeprogrammet til Framtidsfylket har eit solid omdøme landet rundt, og er kjend for å rekruttere ettertrakta kompetanse til distriktet.

50 traineestillingar ventar på deg i Vestland. Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!

Ikkje ein, men to traineear

Til slutt landa dei på seks sterke kandidatar som fekk kome på intervju. Eit luksusproblem vil mange seie, men alle som jobbar med rekruttering veit at slikt kan by på hovudbry.

– Vi var redde for å gå glipp av ein god kandidat, og enda med å tilsette to traineear i staden for éin, smiler Systaddal.

Bidrar med kompetanse

Sjølv om Sogndal kommune hadde eit klart bilde av kva traineen skulle jobbe med, hadde dei ikkje låst seg til kva kompetanse eller kvalitetar den rette kandidaten skulle ha.

– Vi var veldig opne for å tilpasse stillinga til interessefelt, og dei to som landa kvar si traineestilling, Ingrid Annette Kristiansen frå Stavanger og Elisabet Orrestad Nilsen frå Leikanger, hadde ganske ulike profilar. Saman bidrar dei til å bygge opp kompetansemiljøet vårt, fortel han. 

Trainee Elisabeth og Ingrid Filefjell. Foto: Sogndal kommune

Forpliktar å vere traineebedrift

På spørsmål om kva som skil ei vanleg tilsetting frå å følge opp ein trainee, er Systaddal klar på at det forpliktar å vere med i eit traineeprogram.

– Nye tilsette krev alltid ekstra oppfølging, så den fasen er ganske lik. Men som traineebedrift kjem forventingane som ligg i traineeprogrammet i tillegg.

Se traineestillingane for 2022/2023 her.

Torer å utfordre

Storkommunen fekk raskt nytte av sine traineear.

– Ingrid og Elisabet torer å utfordre oss på konkrete prosjekt. Dei har ein ny måte å sjå ting på, og vi lærer mykje av dei.

Må finne sin plass

Traineeane har fått kontorplass på Campus Sogndal. Der sit dei i landskap saman med andre som jobbar med innovasjon og utvikling.

– Eg har sagt til dei at dei kan vere glade for at dei ikkje sit på cellekontor på eit kommunehus, ler han.

Samtidig understrekar han kor viktig det er å legge til rette for trivsel.

– Å legge til rette for at traineeane skal finne sin plass i både verksemda og det kollegiale, trur eg er eit av suksesskriteria for at dei skal trivast i stillinga.

Hausten 2022 tar Framtidsfylket inn nye traineebedrifter. Om du ønsker å vite meir om å vere traineebedrift, kontakt dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland på [email protected].

Du kan også finne mer informasjon på framtidsfylket.no.

Tekst: Kristine Slettehaug

Neste artikkel