Skip to main content
Home » Vekst i Vestland » Bank som kjenner kundane
Sponset

Som ein kan forventa, er det berre rett og rimeleg at Sogn Sparebank betener næringslivet i Sogn. På personmarknaden derimot, har banken kundar over heile landet, ikkje minst i Bergen – og er i stadig vekst.

– Som dei fleste sparebankar har me røter langt tilbake, og har lenge vore ein viktig hjørnestein i Sogn. I dag er me ein viktig sparringspartnar for næringslivet, med løysingar innan banktenester, forsikring, betalingsformidling, leasing og så vidare, i ein region med mange småbedrifter, der eigarane gjerne ynskjer å diskutera idear og problemstillingar med oss, fortel administrerande banksjef Mads A. Indrehus.

Mads A. Indrehus

Administrerande banksjef, Sogn Sparebank

– Å levera bank- og finansielle tenester er éin ting, men me kjenner òg næringslivskundane i området, og er veldig tett på, med mål om å bidra til vidare vekst. Me leverer kortreiste tenester med lokal kompetanse, og bidreg til å utvikla dei enkelte lokalsamfunna.

På personmarknaden har likevel Sogn Sparebank kundar landet over. Som personkundar flest er dei stadig sjeldnare innom bankkontora. Fleirtalet held anten hus i Sogn – eller er utflytta sogningar.

– Det skal vere lett å kome i kontakt med oss, og me har aldri vore så tilgjengeleg som me er i dag. Me ser at dei fleste kundane kontaktar kundesenteret eller kunderådgjevaren sin, kjem til avtalte møter eller snakkar med oss over Teams, seier banksjefen.

Lokalt engasjement

– Me er veldig opptekne av å gi tilbake til samfunnet, noko me i all hovudsak gjer ved å dela ut ein del av overskotet, i form av gåver til allmennyttige føremål. Dømer på dette er leikeplassar, tilrettelagde turstiar eller sykkelbanar, og det er imponerande å sjå kor mykje ein får igjen for lokalt engasjement og ein sjekk frå banken. Me held trass alt til i eit område der dugnadsånda er svært god, og saman med økonomiske midlar kjem det fellesskapet til gode, seier Indrehus.

Sogn Sparebank er òg ein stor sponsor for idrettslag, foreiningar, festivalar og andre møteplassar. Banken har i dag litt over 40 tilsette, og er ein kompetanse-arbeidsplass med kontor i Sogn og i Bergen.

– Me ser jo helst at folk som har reist bort for å få seg utdanning, vender heim igjen for å bruka kompetansen her. Det har me mange dømer på i banken, og me er alltid på utkikk etter fleire. Ein bank består etter kvart av ganske mange fagfelt, fleire enn folk flest er klar over, trur eg. Verda er i utvikling, og me må tilpassa eigen kompetanse deretter, så her har dei tilsette gode moglegheiter for å veksa med jobben.

Personlege eigenskapar er drivkrafta

– Når me tilset nye medarbeidarar ligg det oftast økonomi eller nærliggande fagområde i botnen, men me har medarbeidarar med svært variert bakgrunn. Det viktigaste for oss er nok dei personlege eigenskapane, for i møte med kundane er det heilt avgjerande å etablera tillit. Du må like å snakka med folk og gi gode, langsiktige råd, slik at kunden blir fornøgd. Eit ynskje om å læra nye ting er heller inga ulempe.

Med alt det sagt, er det ingen tvil om at det er lokalkunnskapen som verkeleg skil Sogn Sparebank frå andre bankar. Med røter tilbake til midten av 1800-talet, har Sogn Sparebank alltid vore opptekne av ein sunn økonomisk vekst, og at banken blir utvikla i takt med samfunnet. Ingen er god åleine, og Eika er avgjerande for utviklinga av alliansebankane, både når det gjeld teknologi, produkt og stordriftsfordeler.

– Me skal alltid vera relevant for kundane, men ynskjer naturlegvis òg å veksa. I så måte er Bergen, i tillegg til Sogn, ein viktig marknad. Der har me dyktige folk, og ein må ikkje vera sogning for å bli kunde her. Me er banken for sogningar, og dei som ynskjer at dei var det, spøker Indrehus, og legg til:

– Om du ønskjer ein prat med ein dyktig rådgjevar, er det berre å kontakta oss. Me slår gjerne av ein prat for å finne dei gode løysingar for deg.

Velkomen til rådgjevarmøte – me finn dei beste løysingane for deg

Velkomen til lokalbanken i Sogn,  me møter deg der du er. Kom innom eit av kontora våre, eller møt oss over telefon eller Teams. Me kjenner lokalmarknaden vår og er ein nær medspelar for kundane våre.  Personleg rådgjeving og lokalkunnskap står sterkt hjå oss, og saman realiserer me dine planar og mål.

Av Jarle Petterson

Next article