Home » Vekst i Vestland » Vestland treng gode gründerar
Vekst i Vestland

Vestland treng gode gründerar

Ein mangeårig fascinasjon for vind og bølgjekrefter var utløysande for etableringa av Oceangrid. Dei utviklar ein ny metode for havbotninstallasjonar av flytande havvindplattformar. Foto: Oceangrid

Fleire må tørre å satse i fylket vårt!

Du treng ikkje gå lengre tilbake enn til 1986, då Kunnskapsforlaget si framadordbok definerte ein gründer som «ein person som etablerar eit svindlerføretak», men mykje har heldigvis skjedd sidan 80-talet. Dei siste ti åra har Noreg og Vestlandet fått eit velfungerande økosystem for entreprenørskap og mange nye vekstbedrifter, og etter pandemien meldte SSB at Noreg sat rekord i antal nyetableringar.

Kristine Kopperud Timberlid

Konstituert regiondirektør Innovasjon Norge Vestland

Framtidas vekstselskap

Utviklinga vi har sett er viktig. Nokre av dagens gründere vert framtidas vekstselskap, som skal fornye, endre og omstille Noreg, og sikre Vestlandets verdiskaping og eksport.

Difor er det gledeleg at fleire av oppstartsselskapa våre no lukkast med vekst og skalering. Noreg har endelig fått si gullrekke av «einhjøringar», selskap som på kort tid verdsettast til ein milliard dollar ved børsnotering.

Færre gründerar

Men står vi no ved eit vippepunkt? Tre år etter pandemien starta har søknadar til Innovasjon Noreg sine entreprenørskapsordningar framleis ikkje kome seg opp på samme nivå som før krisa.

Det er særleg unge som vegrar seg for å ta steget og skape sin eigen arbeidsplass. Ein nyleg publisert rapport av Global Entrepreneurship Monitoring, som samanliknar Noreg sin tidligfase oppstartsaktivitet med andre land, viser at aktiviteten i Noreg framleis er lågare enn i 2019. Til sammenlikning har Sverige og andre land vi likar å samlikne oss med opplevd ei auke i talet på unge gründerar både i 2021 og 2022, samanlikna med før pandemien.

Trenda kjem parallelt med andre trekk i norsk økonomi det siste året: Høg aktivitet i nokre utvalgte næringar, låg arbeidsløyse og sterk prisvekst. Dette får følgjer for investeringsvilja og kapitaltilgongen for bedriftene, og Innovasjon Noreg opplever at bedrifter utsetter eller stoppar innovasjonsprosjekter når utryggheita i rammevilkåra er stor og tilgongen til kompetanse knapp.

Mange gode idear

Dette er urovekkande. Noreg bør ha fleire gründerar enn landa vi samanliknar oss med, ikkje færre. Fordi Noreg no må gjennom ei dobbel omstilling: I likskap med nabolanda våre må vi ha fornying i næringslivet, men i tillegg må vi erstatte vår mest lønsame næring, olje- og gassnæringa, med eit næringsliv som ikkje skaper klimautslepp. Den siste utfordringa er ei særnorsk, og ikkje minst relevant her i fylket.

Mange gode idear har dei siste åra fått bein å gå på her i fylket: Oceangrid lagar flytande havvindplattformar, Corvus Energy utviklar nye batterisystem til skipsfart og gründerar som Leif Stavøstrand i Evoy lagar elmotorar til båtar. For å lukkast med utfordringane i Noreg treng vi fleire som desse; gode, berekraftige og ambisiøse verksemder som kjem med svar og løysingar for framtida.

Vi hjelp deg som skal etablere eller driv verksemd i Vestland og kan tilby finansiering, rådgjeving og ei rekkje tenester som gjer det mogeleg for deg å bygge ei betre bedrift eller satse internasjonalt.

Les meir på innovasjonnorge.no

Av Kristine Kopperud Timberlid – Konstituert regiondirektør Innovasjon Norge Vestland

Neste artikkel