Home » Digitalisering » Kunstig intelligens treng ein nasjonal dirigent – raskt
Digitalisering

Kunstig intelligens treng ein nasjonal dirigent – raskt

Frode Danielsen, direktør i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir). Foto: Are Kvistad/Digdir

Da ChatGPT traff oss for eit år sidan, var vi lite førebudde på korleis vi skulle handtere ein ny teknologi som snur opp-ned på mykje.

No kjem ein tsunami av rettsakter frå EU med regelverk som Noreg er forplikta til å implementere som ein del av EØS-avtalen.

EU har teke eit krafttak for å sikre dei europeiske demokratia når både store, private tech-selskap, og nasjonar med andre styresett enn oss, utnyttar teknologien på måtar som ikkje er i samsvar med våre verdiar for bruk av kunstig intelligens. EU gjer mykje godt arbeid med regelverk. I tillegg kjem store satsingar på infrastruktur, forsking, utvikling, testing og utprøving av ny teknologi. Alt dette kjem Noreg til gode. Det er god hjelp på eit område der utviklinga går lynraskt og det er utfordrande for ein liten nasjon å henge med.

Vi ser behovet for ei samordna tilnærming til dei mange EU-regelverka på digitaliseringsfeltet. Vi må også sørge for at regelverk vi allereie har, og som berre gjeld Noreg, er oppdaterte og digitaliseringsklare. I dag er Noreg veldig langt unna god samordning og har ikkje nok kapasitet til det naudsynte regelverksarbeidet. Handteringa av kunstig intelligens er berre eitt døme på at Noreg må organisere seg annleis for å respondere raskt nok på nye teknologiar, utfordringar og moglegheiter.

Ny digitaliseringsstrategi

Regjeringa er i gang med ein ny digitaliseringsstrategi. Digdir forventar at den skal adressere dei strukturelle utfordringane i offentleg forvaltning som gjer det vanskeleg å agere smidig, heilskapleg og kraftfullt når viktige område som kunstig intelligens treff oss.

Vi risikerer at Noreg blir ståande på perrongen når digitaliseringstoget går, og vi vil gå glipp av store moglegheiter vi ikkje har råd til å misse.

Vi i Digdir får mange tilbakemeldingar om at nokon må få eit mandat til å forvalte dei felles interessene til Noreg på både EU-regelverk og på KI-feltet. Som relativt fersk leiar av Digdir er ambisjonen min at Digdir, som har ansvaret for raskare og meir samordna digitalisering av landet, skal ta ei slik rolle. Vi har allereie svært kompetente medarbeidarar på begge områda, som mellom anna den nye rettleiinga i bruk og utvikling av kunstig intelligens i offentleg sektor er eit døme på. Rettleiinga gir konkrete råd for å hjelpe verksemdene med å ivareta eksisterande og komande regelverk.

Farta må opp

Ei formell rolle vil gjere det lettare å utruste Digdir for arbeidet som krevst og vil gjere det lettare å samordne offentleg sektor i desse spørsmåla. I påvente av eit sterkare mandat på desse områda, kan eg uansett love at eg vil leite etter moglegheiter og gjere alt vi kan for å styrke dette arbeidet i 2024.

Farta må opp. Vi har ikkje tid til å vente. Vi risikerer at Noreg blir ståande på perrongen når digitaliseringstoget går, og vi vil gå glipp av store moglegheiter vi ikkje har råd til å misse.

Neste artikkel