Skip to main content
Home » Grønn vekst i Vest » Idretten byggjer Vestland
Grønn vekst i Vest

Idretten byggjer Vestland

Idretten skaper arenaer der menneske møtest på tvers av alder, bakgrunn og økonomi. Foto: Getty Images

Kvar einaste dag skjer det noko magisk på idrettsbaner, i hallar, klubbhus og nærmiljø over heile Vestland. Born lærer å samarbeide. Ungdom finn tilhøyrsle. Frivillige skapar bevegelsesglede. Foreldre møtest på sidelinja. Nye innbyggjarar blir ein del av fellesskapet. Dette er ikkje berre idrett. Det er samfunnsbygging.

I Vestland er idretten den største frivillige rørsla vi har. Over 220 000 medlemskap fortel om eit engasjement som strekkjer seg langt utover trening og konkurranse. Idrettslaga våre er møteplassar og fellesskap som betyr noko i kvardagen til folk. Dei skaper aktivitet, identitet og tryggleik i lokalsamfunn – frå dei største byane til dei minste bygdene.

Nils R. Sandal

Styreleiar, i Vestland idrettskrets

Randi Marie Berntsen Farnes

Organisasjonssjef i Vestland idrettskrets

Meir enn arbeidsplassar og vekst

Når vi snakkar om vekst og utvikling i Vestland, handlar det ofte om arbeidsplassar, næringsutvikling og kompetanse. Det er viktig. Men vi må også snakke om kva som gjer at folk ønskjer å bu her, bli her og skape livet sitt her. Gode lokalsamfunn handlar ikkje berre om jobb. Det handlar om tilhøyrsle, aktivitet, fellesskap og livskvalitet.

Her spelar idretten ei heilt avgjerande rolle.

Idretten skaper arenaer der menneske møtest på tvers av alder, bakgrunn og økonomi. For mange barn og unge er idrettslaget den viktigaste sosiale arenaen utanom skulen. Det er her ein opplever meistring, vennskap og det å vere ein del av noko større enn seg sjølv. For eldre kan det å bidra inn i idrettslaget vere sjølve meininga med kvardagen.

Idretten som læringsarena

Vi lever i ei tid prega av større usikkerheit og raske endringar. Mange opplever utanforskap, einsemd og uro. Då blir sterke fellesskap ekstra viktige.

Samtidig er idretten ein arena for læring og utvikling, og kanskje ein av dei mest undervurderte leiarutdanningane vi har. Gjennom aktivitet lærer barn og unge samarbeid, respekt, ansvar og det å handtere både motgang og suksess. Dei lærer å møte presis, bidra for laget og ta vare på kvarandre. Dette er eigenskapar arbeidslivet og samfunnet treng.

Men idretten skjer ikkje av seg sjølv. Bak kvart arrangement, kvar trening og kvar kamp står det eldsjeler som stiller opp dag etter dag. Trenarar, lagleiarar, foreldre, styremedlemmer og andre frivillige brukar tid og energi på å skape gode aktivitetstilbod for andre. Dugnadsånda er framleis ein av dei sterkaste kreftene i Vestlandssamfunnet, og den må ikkje takast for gitt. 

Difor må vi ta vare på idretten sine rammevilkår, og fremje verdiar som støttar opp om den unike norske idrettsmodellen.

Politikken må støtte opp om idretten

Skal idretten kunne halde fram med å vere ein inkluderande møteplass for alle, treng vi tilgang til anlegg og aktivitetstilbod i heile fylket. Vi treng lokalsamfunn som ser verdien av frivilligheita. Og vi treng politiske prioriteringar som forstår at å investere i idretten er både klokt og fruktbart – også i trongare tider. For dette handlar ikkje berre om bygg og baner, men om folkehelse, inkludering, samfunnsutvikling og bulyst.

Vestland idrettskrets opplever kvar dag kor mykje idretten betyr for folk. Vi ser engasjementet, innsatsen og fellesskapet som blir skapt gjennom idrettslaga våre. Det gir optimisme for framtida.

For når menneske møtest gjennom aktivitet og frivilligheit, byggjer vi meir enn gode idrettsmiljø. Vi byggjer sterke lokalsamfunn. Vi byggjer tilhøyrsle. Og vi byggjer Vestland. 

Vestland idrettskrets er paraplyorganisasjon for i overkant av 900 idrettslag fordelt på 43 idrettsråd. Idrettskretsen består av alle idrettslag, idrettsråd og særkretser tilsluttet Norges idrettsforbund innen Vestland.

Les mer på idrettsforbundet.no/idrettskrets/vestland

Next article