Home » Vekst i Vestland » Bli med på innsida av Stord lufthamn
Sponset

I 38 år har Stord lufthamn vore knutepunkt for reiselystne sunnhordlendingar og ein industri i vekst. Her får du eit innblikk i kvardagen til nokre av dei som jobbar på flyplassen!

Terje Aleksandersen er ein av dei første du møter på reisa. I over tjue år har den blide fitjarbuen jobba ved Stord lufthamn, og er blitt eit kjend ansikt for mange reisande.

I jobben som trafikkansvarleg tek han seg av alt frå booking og telefonar til innsjekk og sikkerheitskontroll.

– Me har mange hattar i løpet av ein arbeidsdag, og får vore med på litt av kvart. Det gjer kvardagen ekstra kjekk. I tillegg er det eit veldig godt samhald mellom oss som jobbar her, smiler han.

Terje Aleksandersen

Trafikkansvarleg

Små forhold

Det er hektisk aktivitet på Stord lufthamn denne måndagen. Om ein knapp time tek DAT-flyet av og set kursen mot Oslo.

Flyplassen byrjar å fylla seg opp med passasjerar, og det summar av stemmer i det lyse lokalet. Gratis parkering gjer det enkelt og triveleg å setja frå seg bilen medan ein er på reise.

– Me får mange kommentarar om kor koseleg det er her. Folk er vane med store avstandar på flyplassar. Hos oss er det heller små forhold. Om ein set det på spissen, er det ikkje større enn at me kan kikka ut vindauga for å sjå om flyet er i rute, seier Terje Aleksandersen med glimt i auga.

Noko av det han trivst best med, er direktekontakten med passasjerane.

– Mange engstar seg før ein flytur. I slike tilfelle er det ekstra viktig å vera eit medmenneske og møta vedkomande med smil og venlege ord. Me set oss gjerne ned og snakkar, går gjennom og forklarar ting rundt fly og reise. I enkelte tilfelle hender det at ein får koma om bord i cockpiten, eller at kabinpersonell eller pilot kjem inn og pratar med vedkomande.

Foto: Polar Media Vest
Foto: Polar Media Vest

Brann og redning

Femten minutt før landing og take-off gjer Bjørnar Hatlevik og kollegaene i brann og redningstenesta seg klare til utrykking og går i stand-by-modus.

Dørene på dei to brannbilane står opne. Brannuniformar ligg klar på strategiske plassar, klare til å trekkjast på. Det er til og med ein eigen startknapp på utsida av brannbilen, slik at ein er klar til å køyra idet sjåføren set seg inn.

Alle sekund er dyrebare om ulykka først er ute.

Foto: Polar Media Vest

– Når det skjer noko har ein ikkje tid til å leita etter sko, sjekka spylefunksjonen eller leita fram anna utstyr som må med. Jobben vår er å vera klare i umiddelbar nærleik. Difor må me spara tid der me kan, seier Bjørnar Hatlevik.

Bjørnar Hatlevik

Lufthamnbetjent

Bjørnas er utdanna i Forsvaret og har erfaring frå Ørland flystasjon, Noregs kampflybase. Han har stillingstittel lufthamnbetjent og jobbar i tillegg i det kommunale brannvesenet heime på Bømlo, der han også bur.

Saman med kollegaene har han mange ulike oppgåver i løpet av ein arbeidsdag.

– Me har ansvar for alt som skjer ute på flyplassen. Alt frå grasklypping og snømåking av rullebanen, til å sjekka drivstofftankane og ha vedlikehald på bygningar.

Koordinerer lufttrafikken

Frå flytårnet sine skråstile vindauge har Signe Kristin Hovland utsikt over heile lufthamna.

Denne måndagen er solfylt og vindstille, med eit lågt skydekke som truar i horisonten.

– Som AFIS-fullmektig har ein ansvar for å koordinera lufttrafikken, både den som kryssar gjennom trafikkinformasjonssona (TIZ), og for luftfartøy som skal inn for landing på rullebanen eller ha avgang. I tillegg observerer me vêret. At me gjev korrekte opplysningar både om trafikk- og vêrforhold er viktig for at pilotane skal kunna gjera ei sikker inn- og utflyging i TIZ-en.

Signe Kristin Hovland

AFIS-fullmektig

Som AFIS-fullmektig har Signe Kristin ansvar for luftrommet over Stord. Luftrommet strekkjer seg femten nautiske mil nord og sør av flyplassen, 3500 fot opp i lufta. I vest er grensa langs kystlina og i aust går grensa ved Langenuen.

Sjølv om det ikkje er mange ruteavgangar på flyplassen, kan det vera hektisk oppe i tårnet.

– For eit par veker sidan registrerte me 118 flybevegelsar i løpet av ein dag. 54 landingar, 54 avgangar og 10 gjennomflygingar. Då kan du trygt seia at det er travelt, smiler ho.

Informasjonen ho gir frå flytårnet er variert. Den seier noko om alt frå vêr og vind, rullebanestatus og informasjon om anna lufttrafikk i området.

Flyr deg inn i framtida

Frå neste år blir aktiviteten på flyplassen endå høgare. Nyleg kom gladmeldinga om at DAT har vunne FOT-ruta frå april neste år.

For deg som reisande betyr det fleire avgangar og konkurransedyktige prisar på billettane.

– Me gler oss over at fleire og fleire nyttar flyplassen. Direkteruta til Oslo er viktig både for vekst i næringsliv og industrien, men også når privatpersonar skal ut på reise. Frå neste år blir det endå gunstigare rutetider, fleire avgangar og konkurransedyktige prisar. Me gler oss til framtida, smiler lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

Tre gode grunnar til å reisa med Stordflyet

  • Konkurransedyktige prisar
    Allereie no kan du få flybillettar til Oslo for under 1000-lappen!
  • Fleire avgangar
    Flyruta til Oslo vil gå alle dagar utanom laurdag. Det gjer det fleksibelt for deg som reisande når du skal bestilla flybillett.
  • Gratis parkering
    – og har du elbil, kan du i tillegg lada gratis medan du er vekke!

Stord Lufthavn

SNARVEGEN HEIM!

Neste artikkel