Kortare tokttid, sanntidsdata i skya og meir presise kvoteråd.
Ein umanna farkost siglar rundt i Oslofjorden på eiga hand. Ingen kaptein i sikte, og heller ingen følgjebåt.
Medan USV-en «Frida» siglar på fjordoverflata, får forskarane tilsendt ekkoloddbileta i tilnærma sanntid.

Florian Berg
Forsker og toktleiar, Havforskingsinstituttet
Implementert
Fjorårets brislingferd i Hardanger var ein milepåle i HI si digitalisering. Det var første gong vi fjernstyrte ein farkost frå operasjonssentralen vår i Bergen.
– No tek vi steget fullt ut, seier toktleiar Florian Berg om årets brislingtokt.
– Vi har retta opp i alle småfeila vi oppdaga, slik at alt er klart til full implementering av armadastrategien, der fleire farkostar samarbeider.
Frå arbeid heile døgnet til målretta tråling
Tidlegare brislingtokt har vorte gjennomførte med eit tradisjonelt forskingsfartøy åleine.
– Då går vi på kryss og tvers av fjordane, og må vere på jobb heile tida medan vi er på tokt, seier Berg.
Då dreg forskarane ut i «blinde». Dei har ein viss idé om kor brislingen står, men lyt først køyre att og fram i fjorden for å stadfeste med ekkolodd kor stimane er. Seinare trålar dei.
Med umanna farkostar som rekognoserer først og sender bileta heim, går forskarane ut med fiske-fasiten i lomma.
– Det vert målretta. Då legg vi ein plan på førehand, og utnyttar tråltida på forskingsfartøyet betre. Vi vert meir treffsikre og får betre prøver, seier toktleiaren.
Pensjonerer bereposeteknologien
– Det er første gong nokon har overført så mykje data så kontinuerleg frå farkost til sky, seier havforskar Espen Johnsen.
Dette er ein del av ei større satsing hos Havforskingsinstituttet, der vi utviklar metodikken som let oss ta i bruk ny teknologi.
– No har vi erstatta gamaldags teknologi – der vi manuelt laut flytte data frå fartøy til land.
Treng framleis biologiske prøver
For endå umanna farkostar kan automatisere og effektivisere delar av toktet, er vi framleis avhengige av biologiske prøver.
– Vi brukar trål til å hente ut «stikkprøver» av fiskestimane vi ser på ekkoloddet. Då får vi eit meir detaljert bilete av kva artar vi ser, og kva aldersfordeling vi finn innanfor dei ulike bestandane, forklarer toktleiar Florian Berg.
Då får forskarane eit bilete av korleis det står til med brislingen – teikna opp av dei akustiske målingane frå USV-en og dei biologiske prøvene.
Les meir på hi.no