Home » Fremtidens havrom » Kom til Fiskeværet Kalvåg!
Sponset

Stort hamneareal på 22 000 kvm ledig for deg og di bedrift.

Plassering

Kalvåg er eit fiskevær på øya Frøya i Bremanger kommune i Vestland. Kalvåg ligg ytst i havgapet og er innafor ein 45-minuttsregion. Kystvegen Måløy – Florø vil knyte saman kommunane Bremanger, Kinn og Sunnfjord til ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion med om lag 50 000 menneske. 45-minuttsregionen gir maksimalt 45 minutt reisetid mellom dei ulike sentra i regionen.

Kalvåg – opplevelser i havgapet

Kalvåg er eit viktig fiskevær med fiskeomsetnad og -foredling. Du finn eit stort mangfald av turløyper og ramsalta opplevelser høgt og lavt i havgapet – Hornelen, Vingen, Ålfotbreen, Grotle og Vetvika. I gangavstand rundt den vesle vågen finn du Knutholmen. Her er det rorbuer, rom eller leilegheiter, restaurant, pub, dansegolv og møterom.

Om eigedomen

Landarealet på Kalvøya står klart for etablering

Næringarealet er tilrettelagd for hav- og fiskerinæringa og er knytt opp mot to kommunale kaier – Kalvåg kai og Kalvåg Fiskerikai. Landarealet på Kalvøya er eit byggesteg tilhøyrande eit større fiskeriprosjekt starta i 2010, som skal stå ferdig med ny framtidsretta fiskerihamn i 2025. Ingen aktører etablert på det nye arealet i dag. Tilknytt areal finn du fiskemottak, foredling, eksport, service, handel osv. Landarealet på Kalvøya står klart for etablering og kommunen ønsker langtidsavtaler knytt opp mot havbruk- og fiskerinæringa, samt servicenæringa på leige av areal/grunn.

Neste artikkel