Skip to main content
Home » Grønn vekst i Vest » Kvinnherad satsar på kompetanse grøn omstilling
Sponset

Korleis skal lokalt arbeidsliv få tilgang på kompetansen dei treng, og korleis legg kommunen til rette for grøn omstilling i næringslivet? Ordførar Vegard Bjørnevik (H) i Kvinnherad kommune svarar.

Vegard Bjørnevik (H)

Ordførar i Kvinnherad kommune

Kva tiltak har hatt størst effekt for å utvikle kompetanse i lokalt arbeidsliv?

Dei mest effektive tiltaka har vore tett samarbeid mellom kommune, næringsliv og utdanningsmiljø, kombinert med målretta satsing på digital kompetanse. Praksisnære ordningar som lærlingeplassar og prosjekt mellom skule og bedrift har styrkt relevansen i opplæringa. I tillegg har møteplassar, nettverk og fleksible etter- og vidareutdanningstilbod vore viktige for å bygge kompetanse i tråd med lokale behov.

Korleis bidreg kommunen til grøn omstilling i næringslivet?

Kommunen legg til rette for grøn omstilling gjennom planlegging, samarbeid og aktive verkemiddel. Me arbeider for tilgang på næringsareal, kortare sakshandsamingstid og gode rammer for investeringar i fornybar energi og sirkulære løysingar. Samstundes støttar me initiativ som utviklar grøne næringsklynger og samarbeidsprosjekt, og me nyttar vår rolle som pådrivar for å kopla aktørar saman.

Kvifor bør nye innbyggjarar velja nettopp dykkar kommune?

Hos oss får ein det beste av to verder: sterke fagmiljø og spennande arbeidsplassar, kombinert med høg livskvalitet. Me tilbyr trygge oppvekstvilkår, vakker natur og eit aktivt lokalsamfunn. Samstundes er me ein kommune i vekst som satsar på framtidsretta næring og grøne løysingar – her kan ein både bu godt og vera med å skapa utviklinga vidare.

Next article