Tysnesfest

Artistar
- CC Cowboys
- Smokie
- Julie Bergan
- Ramón
- Morten Abel
- Odd Nordstoga
- Staysman og Katastrofe
- Alessandra
- Gunslingers
- Beathoven
- Surferosa
- May Rabo
- Bare Andy
- PandaPanda
Om festivalen
Tysnesfest kan du oppleve i og rundt vakre Våge hamn, 9.–12. juli. Tysnesfest er ein av Vestlandets største festivalar, og kanskje den mest elleville! I naturskjønne omgjevnadar kan ein oppleve alt frå store internasjonale artistar til up and coming talent, heilsprø konkurransar, tivoli, marknad, samt kyrkjekonsert med Inger Lise Hope, fjelltur, helikopterturar, og ein sommaridyll utan like. Det blir óg underhaldning for dei små med sirkus, Brannbamsen Bjørnis og mykje anna gøy. På festivalområdet finn du ei rekke foodtrucks og kioskvogner med mat og drikke for ein kvar smak. Det er enkelt å komme seg til Tysnes frå Bergen med kollektivtransport. Buss og ferje går med jamne mellomrom heile dagen, og i tillegg set festivalen opp eigne transporttilbod til heimvegen. Skal ein overnatte kan ein enten sove på camp eller ta med seg båten og bu i hamna.
Meir info på tysnesfest.no
Utkant

Artistar
- Admiral P
- Nico & Vinz
- Kjartan Lauritzen
- GOLF
- D.D.E.
- Bendik
- Slomosa
- Gunn Kvaale
- Oddny
- Nelly Moar
- Hedda Mae
- 1991
- Uflod
- Bellefolie
- Bare Andy
Om festivalen
Utkant finn du på Skjerjehamn, omringa av vakker skjærgård og hav heilt i utkanten av Sognefjorden. Festivalen starta som ei feiring av avdukinga av den legendåriske kongestatuen som vinkar mot havet frå Skjerjehamns høgste haug. På dette heilt unike festivalområdet kan du oppleve ei rekke fantastiske artistar og nydeleg sommaridyll. I tillegg til konsertar står óg mykje anna gøy på programmet: linedance, konkurransar, akustiske dagtidskonsertar, allsangvors, DJ, ølsmaking, quiz, stand up, festivalyoga og meir. Slik namnet tilseier ligg Utkant i utkanten, og det er ikkje berre lett å komme seg dit. Men frykt ikkje – festivalen set opp både båt og buss i lokalområdet! Om du kjem frå Bergen er det så enkelt som å spasere på hurtigbåten som går frå Strandkaiterminalen, og så er du på plass 1,5 time seinare. Utkant har ei stor festivalhamn og camp, så det er mogleg å overnatte for dei som vil vere i festivalbobla alle tre dagane!
Meir info på utkant.com