Vestland har store ambisjonar om vekst i næringslivet, men stadig fleire verksemder møter den same utfordringa: Dei finn ikkje folk med rett kompetanse. Samtidig er arbeidsløysa for nyutdanna høgare enn på lenge.
– Dette er eit paradoks og peikar mot ei viktig erkjenning: Når mange bedrifter seier at dei manglar folk, meiner dei ofte folk med erfaring. Men viss vi ikkje gir dei unge ein start, blir det vanskeleg å byggje den kompetansen regionen treng, seier Linda Hovland.

Linda Hovland
Dagleg leiar, Framtidsfylket Vestland
Ho er dagleg leiar i Framtidsfylket Vestland og driv eit av dei største traineeprogramma for unge nyutdanna i Distrikts-Noreg.
– Vår erfaring er at når du gir unge nyutdanna ein sjanse, kjem dei inn med solid fagkompetanse og engasjement, tek ansvar og stig raskt i gradene i bedriftene dei jobbar i, seier Hovland.
Unge talent på veg ut av regionen
Samtidig som næringslivet etterspør fleire folk, møter mange nyutdanna ein arbeidsmarknad der terskelen inn ofte er høg. Resultatet kan bli at unge talent søkjer seg til andre regionar, tek meir utdanning for å finne ein annan veg inn i arbeidslivet, eller hamnar i jobbar dei ikkje er utdanna for. For ein region i rask omstilling kan det fort bli ei brems på utviklinga, meiner Hovland.
– Arbeidskraftkrisa handlar derfor ikkje berre om mangel på kompetanse, men om korleis vi ser, utviklar og tek i bruk menneske. Dei beste arbeidsgjevarane framover vil vere dei som rekrutterer breiare, tenkjer meir langsiktig og tør å satse på potensial – ikkje berre erfaring.
Vestland som ein stad å leve
For bedrifter i distriktet er det også særleg viktig å vise fram Vestland som ein attraktiv stad å bu og jobbe.
– Folk flyttar ikkje berre for ein jobb. Dei flyttar for eit liv. Nettverk, tilhøyrsle og trivsel er heilt avgjerande for at unge skal bli verande, seier Hovland.
Ho meiner Vestland har mykje av det unge arbeidstakarar ser etter, men at fleire arbeidsgivarar må tørre å tenkje litt annleis om rekruttering framover.
– Skal regionen lukkast med grøn omstilling og vidare vekst, må fleire unge få moglegheita til å byggje erfaring. For erfaring kjem ikkje av seg sjølv. Fleire må i større grad ta ansvar for å skape den.
Vestland ventar på deg!
Klar for å makse starten på arbeidslivet? Kvart år lyser Framtidsfylket ut nye traineestillingar med oppstart i august.
Les mer på framtidsfylket.no/trainee