Det vestnorske reiarlaget GulenSkyss AS og Fjellstrand inngjekk nyleg kontrakt om bygging av ei ny og moderne elferje. Verftet utviklar stadig nyare og meir berekraftige fartøy.
På bakgrunn av ei utlysing vedtok Skyss, det fylkeskommunale mobilitetsselskapet i Vestland, i 2024 å tildela reiarlaget GulenSkyss ein 15-års kontrakt på drift av ferjesambandet Breistein –Valestrand mellom fastlandet og Osterøy. Dette er ei strekkje som tidlegare har vore drifta privat, og derfor ikkje har inngått i anbodsregimet.
– Me snakkar om ei overfart på vel to kilometer, med berekna reisetid på 10-15 minutt, og reiarlaget trong ei ferje tilpassa det formålet. GulenSkyss stilte krav om ei energieffektiv løysing, som gjer ei ferje i aluminium ideell for formålet, seier Edmund Tolo, som er FoU- og salssjef i verftet Fjellstrand, og legg til:
– Aluminium er lett, og kan enkelt resirkulerast når levetida for fartøyet er over. Me har jo erfaring med bygging av fleire aluminiumferjer frå før. Nokre av dei har allereie vore drifta på batteri lenge. Den nye, som er spesielt tilpassa Breistein–Valestrand-sambandet, blir etter planen sett i drift 27. november 2027, og vil ha ein kapasitet på inntil 50 bilar og 149 passasjerar.

Edmund Tolo
FoU- og salssjef i Fjellstrand
Energieffektiv
Med ei lettskipsvekt, som for ei aluminiumferje er vesentleg mindre enn for ei stålferje, har ein eit godt utgangspunkt for å vera energieffektiv.
– Når ein så bygger ferja som ein katamaran, får ein eit stort dekkareal og ei oversiktleg løysing, som er effektiv å lossa og lasta. Samstundes vil ein katamarandesign sørgja for at ferja er stabil, sjølv om vekta er låg, forklarer Tolo.
– Sidan me snakkar om ei kort overfart i beskytta farvatn, med mange pendlarar morgon og ettermiddag, er Breistein–Valestrand-sambandet ideelt for batteridrift. Det er litt avgrensing i tilgjengeleg effekt for lading, som gjer at nett ei energieffektiv ferje blir ekstra viktig. Med spart forbruk sparer me òg på batteristorleiken, og dermed kostnadar til utbygging av ladesystem på land.
Fjellstrand, som ligg på Oma i Hardangerfjorden, vart etablert i 1928, og har gjennom dei snart hundre åra bygd i både tre og plast, til dei tidleg på 1960-talet satsa på aluminium for fullt.
– Av fartøy kan eg nemna bokbåten «Epos», ein 84 fots aluminiumsbåt som er kjend på Vestlandet og framleis i drift, i tillegg til at me bygde ei mengd lystfartøy og losbåtar utover 1970-talet. Då byrja me òg med snøggbåtar, som utgjorde hovudverksemda vår gjennom 1980- og 1990-talet, held Tolo fram, stolt over at Fjellstrand i lang tid dominerte denne marknaden internasjonalt.
Fjellstrand tilbyr førsteklasses fartøy i eige design, anten konvensjonelle, hybride eller heilelektriske:
• Snøggbåtar
• Crew transferfartøy (CTV)
• Bil- og passasjerferjer
• Oppdrettsbåtar
Fjellstrand tilbyr òg svært avanserte offshore støttefartøy, anten konvensjonelle eller hybride.
Les meir på fjellstrand.no
Bygde verdas første heilelektriske ferje
– Men tidene skiftar, og med det produkta våre, så me har vore innom offshorefartøy, så vel som store og små fartøy til havvind-næringa. Den første bilferja leverte me i 2003. Då var fokus på å auka farten på ferjene, men når krava vart endra, viste det seg at skroget som eigna seg for stor fart òg var veleigna for energieffektivitet ved låg fart.
Innovasjon har alltid vore sentralt hjå Fjellstrand. Eit verft må tilpassa seg marknaden, og må utvikla produkt som til kvar tid svarer til behovet, som er i konstant endring.
– På 1990-talet var behovet stor fart, så då utvikla me FoilCat™, som me leverte to av til Hongkong. Dei går framleis i trafikk mellom Hongkong og Macau, med hastigheiter opp til 45 knop. Då marknaden ville ha nullutslepp-fartøy, var me dei første til å levera ei batteridriven ferje. No har MF «Ampere» snart vore i drift i elleve år, og har ført til ei formidabel omlegging av heile den norske ferjemarknaden, og no følgjer utlandet på, seier Tolo.
– I samarbeid med greske og skotske universitet, og saman med andre europeiske partnarar har me utvikla MS «Medstraum», som me leverte i 2022. Den første snøggbåten på 100 prosent batteridrift. Då overraskar det kanskje ingen at den tekniske sjefen vår i dag ikkje er ein skipsingeniør, men elektroingeniør, som viser kva fokus me har på det blågrøne skiftet.
Pioneren innan batteridrivne fartøy
Fjellstrand er eit moderne, berekraftig og miljøfokusert verft basert på innovasjon, teknologi, tradisjon, tilgjengelegheit og framifrå utføring sidan 1928.
Fjellstrand tilbyr nye fartøy, ombygging av fartøy, batteriinstallasjonar for hybridfartøy, generelt fartøyvedlikehald og verftstenester, aluminium og stålkonstruksjonar