Home » Fremtidens kommune » Dette er Noregs beste kommune å veksa opp i!
Sponset

For andre år på rad har Unicef Norge kåra Tokke kommune til den beste norske kommunen for born og unge. Kommuneanalysen ser mellom anna på budsjett og tenester for born og unge frå 0 til 20 år.

Tokke er ein liten kommune i Øvre Telemark, med 2200 innbyggjarar, men ifølgje Unicef Norge er dette den beste kommunen å veksa opp i.

Unicefs kommuneanalyse har vore gjennomført sidan 2014, og samanliknar barnehage-, skule-, barnevern-, helse- og kulturtilboda i dei norske kommunane.

Me har spurt kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett i Tokke kommune, Tone Lunde Skaalen, kvifor nettopp hennar kommune toppar lista.

– Det er nok fleire faktorar som speler inn, men eg trur at det har mykje å gjera med prioriteringar. Me nyttar mange ressursar på born og unge, og er opptekne av kvalitet.

Tone Lunde Skaalen

Kommunalsjef, Tokke kommune

Store uteområde

Desse prioriteringane er mellom anna avhengig av at politikarane set born og unge i sentrum.

– Ein merkar at dei har veldig sterkt fokus på å leggja til rette for born og ungdom, at det skal gjevast nok ressursar til barnehagar og skular, seier Skaalen.

Som døme trekkjer ho fram barnehagetilbodet. Trass i storleiken på kommunen, har dei fire barnehagar, to store og to små, og alle har store uteareal, der borna kan boltra seg.

– Det er store, romslege leike- og uteområde i alle dei fire barnehagane, og me har ingen ventelister. Me har dessutan god bemanning og stort fokus på utviklingsarbeid i barnehagane, seier Skaalen.

Dei er òg opptekne av at det skal vera eit godt miljø for dei vaksne. Glade vaksne gjev glade born.

– Trivsel hos vaksne smittar over på ungane. Har dei vaksne det bra, så har borna det bra òg, meiner Skaalen.

Foto: Tokke kommune

Færre elevar per lærar

Når det gjeld skulen, peikar ho på at dei har tilstrekkeleg med lærarar. Lærarane har difor betre tid til å ta seg av kvar enkelt elev.

– Me god lærartettleik og veldig sterkt fokus på utvikling generelt. Me har ikkje 30 elevar per klasse, for å seia det sånn. Me har gode lærarressursar, og kjem veldig godt ut i snitt på grunnskule-poeng, seier Skaalen.

I barnevernet har dei god dialog og oppfølging, og kort behandlingstid. Her har dei eit godt tverrfagleg samarbeid.

Helse er eit anna kriterium. Kommunen har barselgrupper og tilbyr heimebesøk rett etter fødselen. I tillegg har dei har faste besøksdagar på skulen.

Godt kulturtilbod for born og ungdom

Kommunen kan dessutan skilta med godt kulturtilbod for born og ungdom – og inga ventelister.

– Det er veldig høg deltaking blant dei unge, og me har eit breitt kulturtilbod, så vel som ein velfungerande ungdomsklubb. Når det gjeld idrett, så har me mykje innan ski, fotball og friidrett. I tillegg har me korps, musikkundervisning, song, dans, og visuell kunst. Me har òg tilbod om å læra å spela fele, gitar, trommer og meir.

– Dessutan har dei kulturelle arrangementa våre veldig godt oppmøte frå lokalbefolkninga, og det er òg svært viktig for born og unge, avsluttar Skaalen.

Tokke er ifølgje UNICEF Norge den beste kommunen å veksa opp i. Les meir om kommunen på tokke.kommune.no.

Av Jarle Petterson

Neste artikkel