Home » Infrastruktur » Regjeringa bind landet tettare saman
samferdsel

Regjeringa bind landet tettare saman

Jon Georg Dale (FrP), Samferdselsminister

Regjeringas satsing på samferdsel held fram. Vi byggjer vegar i eit tempo som aldri før, legg til rette for sjøtransporten, har ei historisk satsing på jernbane, og vi sikrar eit godt flytilbod i distrikta. 

Av: Jon Georg Dale (FrP), Samferdselsminister

Sidan vi kom i regjering har løyvinga til samferdsel auka med nær 75 prosent, og samferdselsbudsjettet for 2019 er på rekordstore 73 milliardar kroner. Med ei slik satsing skaper vi ein enklare kvardag for folk flest, styrkjer næringslivets konkurransekraft, og utvider bu- og arbeidsregionane.

Vi ser no resultata

Vi har allereie begynt å sjå resultata av satsinga. Den siste tida har vi opna vegstrekningar på løypande band. Berre i løpet av hausten i fjor opna vi heile 13 nye vegstrekningar. Over 60 store vegprosjekt er under bygging. I 2019 planlegg regjeringa faktisk å opne så mykje som 104 kilometer med ny trygg firefelts veg.

Desse vil gi god framkomme, men dei er også vesentleg i arbeidet med trafikktryggleiken. Nye trafikktrygge veger gir ein drastisk reduksjon i risiko for ulykker. Mellom anna såg vi dette da framskynda opning av E18 i Vestfold med ein gong gav færre ulykker.

Gods skal fraktast meir på jernbane og sjø

Det er viktig med gode, trygge veger, men det er samtidig positivt for både miljø, trafikktryggleik og framkome at både folk og gods vert frakta på jernbanen og til sjøs i staden for på vegen der det er høveleg.

Ei storstilt jernbanesatsing, både på utbygging og vedlikehald, gjer passasjerar og næringsliv eit stadig betre togtilbod og bidreg til å knytte bo og arbeidsmarknadar saman. Jernbanebudsjettet for 2019 er nær 80 prosent høgare enn i 2013. Nye anlegg blir planlagt og bygd ut, rutetilbodet er styrkt og stadig blir nye tog sette i trafikk. Dei reisande ser ut til setje pris på satsinga. Passasjerane straumar til toga, NSB set stadig nye rekordar i reisetal.

Også for godstransporten er denne satsinga positiv. I siste Nasjonal transportplan har vi lagt inn ei eiga godspakke med målretta tiltak som skal styrkje konkurranseevna til den skinnegåande transporten ytterlegare.

Vi legger til rette for trygg ferdsel langs kysten, vi aukar løyvingane til vedlikehald av navigasjonsinnretningar og utbetrar farleiene. Vidare stimulerer vi til utvikling av effektive og miljøvennlige hamnar gjennom ei ny treårig prøveordning for tilskot til investering i hamner.

Det er positivt for både miljø, trafikktryggleik og framkome at både folk og gods vert frakta på jernbanen eller tar sjøvegen i staden for på vegen der det er høveleg. Samtidig må vi satse på betre veger. For sjølv om vi både byggjer betre jernbane og kollektivtrafikk, er mange framleis avhengig av bil. Over 60 store vegprosjekt er under bygging. Ikkje fordi det er gøy, men fordi det bindar landet vårt betre saman.

Ei stadig grønare og smartare bilpark

Vi må heller ikkje gløyme at morgondagens bilpark vil vere både grønare og smartare enn i dag. Nok ein grunn til at vi framleis skal tenke på korleis vi kan byggje ut betre veger.

Samtidig tar vi på alvor den enorme teknologiske utviklinga som skjer innan elektrifisering og digitalisering. Vi snakkar ofte asfalt og skinner når vi drøftar infrastruktur. Trulig er det i endring.

Den pågåande teknologiske revolusjonen endrar samfunnet og skapar nye moglegheiter. Autonome køyretøy, elektrifisering, samverkande system og nye tenesteløysningar kommer til å påverke oss. Sannsynlegvis vil teknologi få stor betyding både for meir effektiv trafikkavvikling, auka mobilitet, miljø/klima og ikkje minst vere svært viktig for trafikktryggleika.

Teknologien kan bli eit viktig reiskap for både meir effektive og meir klimavennlige transportløysningar. Derfor er regjeringa ivrig etter å stimulere til nye løysningar. La meg nemne nokre aktuelle tiltak:

  • Ny lov om utprøving av autonome køyretøy har trådd i kraft, og dei første sjølvkøyrande køyretøya er allereie på vegane.
  • Vi har sendt på høyring eit forslag om endringar i loslova for å leggje til rette for autonom kystseilas. I arbeidet med regelverket er det ein føresetnad at dei føreslåtte endringane ikkje går ut over tryggleiken og framkome i farvatnet.
  • Etableringa av selskapet Entur, som har som mål å tilby reiseplanlegging og billettløysingar for heile landet.
  • Økonomisk støtte til forsking og pilotprosjekt – mellom anna gjennom midlar til Innovasjon Norge og Forskingsrådet.
  • Konkurransen «Smartare transport i Norge», som ble lansert hausten 2017. Totalt 100 millionar kroner blei fordelt på fem vinnarar i 2018.

God infrastruktur er ei investering i framtidig velferd og velstand, og betre veger skapar ein betre reisekvardag for pendlarar, godstrafikk og oss alle. Nettopp difor satsar regjeringa på bygging og vedlikehald av infrastruktur, både vegar, jernbane, kollektivtrafikk og sjøvegen.

Med ein rekordstor satsing på samferdsel bindar regjeringa landet vårt tettare saman.

Next article