Home » Fremtidens industri » Fagskuleutdanning i takt med Industri 4.0
Sponset

Industri 4.0, den robotiserte og automatiserte industrielle kvardagen, er her nå og har vore her ei god stund. 

Mikroprosessorane med inn- og utgangar vart utvikla på 70-80 talet for å styre industrielle prosessar. For 50 år sidan introduserte Kverneland sine fyrste robotar til lakkering av landbruksverktøy. Sidan den gong har teknologien blitt billeg, tilgjengeleg og fått enorm kapasitet. Teknologien har inntatt industrien, heimen og ikkje minst velferdssektoren. Eit utal sensorar samlar data som effektive datamaskinar prosesserer, og lagar styringssignal for å optimalisere bruk av industriverktøy og robotar. Framtida er her.

Kva kompetanse er viktig i vår spennande verd?

Vi som arbeider med yrkesfagleg utdanning, ser gjerne til Tyskland for å lære. Tyskland har eit høgt antal industrielle arbeidsplassar og blir ofte blir rekna som «heimlandet» til industri 4.0. Landet har eit sterkt yrkesfagleg utdanningssystem, kanskje det fremste i verda.  

På den andre sida av Atlanthavet har USA dei store globale gigantane innan «Big Data» nemleg Facebook, Google og Amazon. Desse selskapa er nyskapande innan forretningsmodellar og «datamining» i persondata. Ei side med denne industrien er at den har få og spesialiserte tilsette.

Professor Paul Collier, forfattaren av boka «The Future of Capitalism: Facing the New Anxieties», peiker på at «Tradisjonelle handverksfag har tapt verdi og ikkje vorte erstatta av opptrening i nye fag og utvikling av andre talent». Dette meiner han er ei utfording for utviklinga av arbeids- og samfunnsliv.

Fagskolen Rogaland har tatt tak i utfordringa Collier peiker på, nemleg å oppgradere og vidareutvikle yrkesfag. Utdanningane våre skal oppgraderast og tilpassast den digitale kvardagen i industri og i velferdsektor. Denne oppgraderinga gjer vi i eit prosjektsamarbeid med regional industri. Finansieringa kjem frå Kunnskapsdepartementet, Fylkeskommunen og gjennom eigeninnsats. Målet vårt er at studentane skal bli i stand til å forstå, mestre og vidareutvikle industrielle styringssystem.

Kode – mestre – skape

I industrien er fagkunnskap om prototyping, materialteknologi, automasjon, digitalisering og styring ein integrert del av arbeidsdagen. Fagskolen Rogaland utviklar difor nye undervisningsmetodar basert på denne smartteknologien. Den tekniske utstyrsparken blir oppgradert med robotar, 3D-printarar, scannarar og prototypetesting. Vi har etablert «Makerspace» og har laboratorieutstyr på nivå med industrielt utstyr. I undervisinga skal erfaring frå praktisk laboratoriearbeid underbygge forståing av teori. Slik undervisning gir grunnlag for samarbeid i tverrfaglege, industriretta prosjekt.  

Undervisning i digital kompetanse i Noreg er implementert fyrst dei seinare åra. Det er difor eit par generasjonar arbeidstakarar som ikkje har fått opplæring i digitalisering, automasjon og robotisering. Fagskolen Rogaland etablerer i desse dagar eit vidareutdanningstilbod til desse arbeidstakarane. Tilbodet gir grunnleggande digital kompetanse og er tilpassa folk i arbeid. Undervisninga er nettbasert og laboratoria er tilgjengelege frå ulike geografiske lokasjonar (remote access). Tilbodet skal legge grunnlaget for at arbeidstakarar skal forstå teknologien og kunne skape teknologiske nyvinningar.

Utdanningstilbodet ved Fagskolen Rogaland vil på denne måten styrke det digitale kunnskapsgrunnlaget i ein region dominert av høgteknologibedrifter og eit sterkt grundermiljø. 

Referanse: Collier, P. (2018). The Future of Capitalism: Facing the New Anxieties. London

Neste artikkel