Av Jenny Følling, fylkesordfører Sogn og Fjordane, og leder i Vestlandsrådet

Vestlandet er velsigna med store naturgjevne ressursar både til havs og på land. Arbeidsplassar baserte på våre fortrinn vil gi grunnlag for auka busetting og vekst på Vestlandet. Infrastruktur er heilt avgjerande for vekst og utvikling.

Ei av dei største globale utfordringane framover er klimaendringane. Vi må redusere utsleppa og gjere samfunnet smartare, grønare og tryggare. Klima- og miljøutfordringane forsvinn ikkje over natta og løysingane kjem ikkje av seg sjølve. I det grøne skiftet er det viktig å bruke kjent teknologi til å sjå nye løysingar. Eit spørsmål er om vekst kan vere grøn, eit anna er kva tiltak som er mest relevante og ikkje minst dei mest verknadsfulle. Ein ting er sikkert, vi må finne nye løysingar på mykje, frå energiproduksjon til matkjelder.

Kraftproduksjon og gjenbruk av energi

Vestlandet og fylket mitt, Sogn og Fjordane, er som skapt for å produsere fornybar energi. Mykje nedbør, høge fjell og djupe dalar gjev godt potensial for produksjon av miljøvennleg vasskraft, som har ført til stor verdiskaping og er grunnlaget for metallindustrien vår. Det gjev oss fortrinn i industrisatsinga framover. Vi har bedrifter med mykje kompetanse og erfaring, og som leverer solide resultat, innan vindkraft, solenergi og ikkje minst vasskraft.

Vi ventar eit kraftoverskot i Noreg i åra framover, og energimarknaden er i rask endring. Teknologiutvikling, auka produksjon, press på infrastruktur og distribusjonsleddet vil påverke utviklinga. Myndigheitene vil stimulere til å legge om til fornybare energiformer, mellom anna gjennom dekarbonisering av land- og sjøtransport. Lagring av elektrisk kraft i form av hydrogen kan gje auka lokal verdiskaping i fleire bransjar, til dømes gjennom utvikling av nullutslepp transportløysingar. Tilgang til kvalifisert maritim kompetanse gjer at næringslivet i vest kan levere tekniske løysingar for å utvikle miljøvenleg båttransport.

Vi har ein solid industritradisjon innan olje og gassektoren, og ein sterk maritim sektor som kan utvikle og ta i bruk ny teknologi. Dette kan gje miljøvenlege løysingar innan transportbransjen, oppdrettsnæringa, fiskeriflåten og landbruket. 

I det grøne skiftet er det  vesentleg å bruke kjent teknologi til å utvikle nye løysingar, og leverandørindustrien vår er innovativ og framtidsretta. Bedriftene våre omset produkt og tenester i ein global marknad. Vi må sikte oss inn mot ei kunnskapsbasert verdiskaping med basis i næringane vi kan mykje om frå før, og med ressursane vi disponerer. Krav frå større og meir krevjande kundar vil sette større krav til kompetanse.

Akvakultur, fiske og matproduksjon

Sjømatnæringa er ei vekstnæring. Bedriftene våre ligg langt framme når det gjeld innovasjon og nyskaping, men det ligg framleis mykje unytta ressursar langs kysten vår. Til dømes er tang og tare ein undervurdert og lite nytta ressurs. Samstundes er algar til bruk i dyrefôr, gjødsel, legemiddelindustrien og ikkje minst til menneskemat på forskingsstadiet i Noreg. Vi må sjå moglegheitene for å auke produksjonen av sjømat og støtte opp om næringa. Det står att mykje forsking før dette er ei lønsam næring, og vi må vere pådrivarar for at dette vert prioriterte forskingsprogram i Regionalt forskingsfond.

Reiseliv og samarbeid på tvers av fylkesgrensene

Reiselivet er eit satsingsområde for Vestlandet, og fjordane er sjølve indrefileten i norsk reiseliv. Ei berekraftig utvikling med naturbaserte opplevingar og tilrettelegging vil vere viktig framover. Turisme gjer at vi kan utvikle og ta vare på arbeidsplassar og halde oppe store og små samfunn.

Vestlandsfylka har mange felles interesser, både innan samferdsle, næringsutvikling og reiseliv. Difor er eit politisk samarbeid mellom vestlandsfylka om dei store strategiske sakene viktig for vekstkrafta til Vestlandet.