Fakta om Sjøfartsdirektoratet

  • Sjøfartsdirektoratet er forvalt- nings- og myndighetsorgan for arbeidet med sikkerhet på norskregistrerte fartøy og utanlandske fartøy i norske hamner. Direktoratet er under- lagt Nærings- og handelsdepar- tementet, og aktivitetane vert bestemt av politiske vedtak, bevillingar, bestillingar samt internasjonale forpliktelser.
  • Sjøfartsdirektoratets hovud- kontor ligger i Haugesund, med Skipsregistrene i Bergen og 17 stasjoner langs kysten. Direktoratets overordna mål er «En attraktiv flaggstat med høy sikkerhet for liv, helse, miljø og materielle verdiar».

Energieffektivisering!

Krava gjer at nye båtar må byggast meir energieffektive enn det som er standarden i dag. Krava til design av nye skip skal skjerpast ytterlegare over tid, så ein vil få båtar som brukar mindre drivstoff. I tillegg blir det eit krav at alle skip må ha ein plan for energieffektiv drift. Gjennom betre planlegging kan ein med enkle grep spara mykje drivstoff. Det gir betre økonomi og mindre utslepp av klimagassar. Vedtaket er godt for klimaet, men eg trur òg det er godt for skipsfarten.

Viktig for omdøme og konkurransekraft!

Skipsfarten står for litt i underkant av 3 prosent av dei globale utsleppa av klimagassar. Med tanke på at skipsfarten står for nærare 90 prosent av godstransporten, kan ein alt i dag seie at skipsfart er ei miljøvennleg transportform. Likevel kan mykje gjerast for å bli enno betre. Eg trur det er viktig for skipsfarten sitt omdøme og for skipsfarten si konkurransekraft. Energieffektiv drift er noko som vil bli stadig viktigare for kjøparane av skipsfartstenester.

Vedtaket gjeld for båtar over 400 bruttotonn. Krava er bindande for alle land, og skal tre i kraft frå 1. januar 2013.

Konkurransefortrinn!

Her ligg det også eit høve for norsk skipsfartsnæring til å hevda seg. Me har svært mange dyktige skipsdesignarar og utstyrs- leverandørar. Desse kan få eit konkurransefortrinn fordi dei alt ligg langt framme på design av energieffektive produkt. Erfaring har vist at med å gjera små endrin- gar på skrog, baug, ror eller propell, kan ein få langt meir energieffek- tive skip. Det er viktig å bruke den kunnskapen ein alt har bygd opp. Me har også mange reiarlag som har jobba lenge med å betre måten skip vert operert på. Gjennom rute- planlegging, der blant anna farten vert tilpassa, har ein oppnådd stor reduksjon i drivstofforbruket. Det er til dømes betre å redusera farten for å koma fram når det er ledig kai, heller enn å koma for tidleg og måtte venta.

Fordelar med gass!

Eit anna område der norsk skipsfart er langt framme, er bruk av gass som drivstoff. Ingen andre land har fleire skip med LNG-drift (flytande naturgass) enn Norge. Me har over ti års erfaring med dette drivstoffet, og kan slå fast at det driftsmessig fungerer bra. Særleg på miljøsida har LNG mange fordelar. Samanlikna med tradisjonelt marint drivstoff, er ut- sleppa langt lågare. Ein reduserar CO 2 -utsleppa med ein fjerdedel. NO x -utsleppa går ned med 80–90 prosent. Sot og partiklar som elles kan vera eit problem, vert fjerna. Ved å utnytta den kunnskapen den norske maritime klynga har på energieffektiv design og drift av skip og ved å utvida bruk av LNG ytterlegare, kan det visa seg at det historiske vedtaket i IMO ikkje berre er positivt for miljøet, men også for norsk skipsfart si konkurransekraft.